Tilbake til alle arrangementer

Fortellermønstring: Sjukepleiar Offshore

  • Dramatikkens Hus 34 Tøyenbekken Oslo (kart)

Sjukepleiar Offshore

Anne Elisebeth Skogen

Ei forteljarførestilling om den første kvinna som blei tilsett i Nordsjøen.

Gjennom denne forteljarframsyninga vil tilhøyrarane få møta ei ung kvinne frå den første helikopterturen hennar ut til Friggfeltet i Nordsjøen, og møtet med plattformlivet. Vidare får me følgja henne gjennom ulike utfordringar som sjukepleiar, i daglegliv og fritid, gjennom dramatiske redningsoppdrag, og sterke møte med pasientar.

Denne forteljinga er ein viktig del av vår nasjonale oljehistorie og kvinnehistorie. Me snakkar om Svanhild Rolfsen, fødd og oppvaksen i Koparvik. I 30 år arbeidde ho i Nordsjøen. Framsyninga bygger på intervju med Svanhild og arkivstoff frå Norsk Olje- og Gassarkiv.


Forteljarmønstring er ein open fagleg arena for å sjå og diskutere munnleg forteljarkunst. Plattforma er programmert via open utlysing. I år er det søkelys på forteljarrframsyningar som anten er nye eller er under utvikling. Alle framsyningane kjem til å ha ei samtale i etterkant, leia av festivalens kunstneriske leiar Aslak Moe.


Anne Elisebeth Skogen. Foto: Ida Bergskov.

Anne Elisebeth Skogen er utdanna lærar, med årsstudium i drama, munnleg forteljing og kristendom. Ho har arbeidd i grunnskulen, ungdomsskulen, folkehøgskule og kulturskule. Ved sida av lærarjobb har ho drive «Forteljarkokeriet». Som forteljar har ho turnert i ti år for Den Kulturelle Skulesekken. Ho har vore på turnè for Sons of Norway i USA, delteke i forteljarslam i Rogaland, Oslo, Stockholm og i New York. Elles har ho jobba for statsarkivet i Stavanger i fleire omgangar. Der har ho gjort historisk kjeldemateriale om til forteljarframsyningar, og mellom anna representert Rogaland under Grunnlovsjubileet i 2014.

Forteller // Anne Elisebeth Skogen

www.forteljarkokeriet.no

Forrige
Forrige
24. mars

Fortellermønstring: Mitt Narnia

Neste
Neste
24. mars

Boklansering: Fairytales, Families and Forests