Følgesvennen
Anna Øihusom & Synnøve Bryde
Trekkspel, trollskap og trall.
Tenk å vera så hovudstups forelska at du legger ut på eventyr i den verkelege verda, på leit etter jenta du møtte i drøymane dine. Guten vi fortel om gjer nettopp dette, og ferda er farefull for den naive romantikaren - men heldigvis får han hjelp av den mystiske Gurine som veit alt om det ein treng å vite.
Følgesvennen er ei forteljarframsyning som kombinerer Asbjørnsen og Moe sine eventyr med lokale segn og myter frå Innlandet, Vestfold og Telemark, og norsk folkemusikk. Gjennom framsyninga møter elevane den tradisjonelle forteljarstunden der eventyr blir formidla gjennom munnleg tradering, samstundes som dei vert introdusert for eventyrskapningar som kan vera ukjende for nokon. Barna får veksle mellom å vera tilskodare - med fantasien i fri flyt - og aktive deltakarar, med høve til å utforske og skape eigne historier og forteljingar.
Målgruppe: 1-7 klasse.
Framsyninga er eit resultat av praksisperioden under studiet «muntlig fortellerkunst» ved OsloMet og ein skuleturné i Nord-Gudbrandsdalen oktober 2020.
Fortelling // Anna Øihusom
Fortelling & trekkspill // Synnøve Bryde
Presenteres i samarbeid med Dramatikkens hus.